MTM erfaringer – noen tanker fra MTM alumni Oddbjørn Bruland

MTM erfaringer – noen tanker fra MTM alumni Oddbjørn Bruland

7 år etter eg var ferdig med MTM programmet byrjar eg å innsjå kva det har betydd for meg fagleg og personleg. Programmet, og ikkje minst opphaldet ved MIT, kompletterte det ei ingeniørutdanning frå to årig ingeniørhøgskule til doktorgrad frå NTNU tidlegare hadde gjeve. MTM gav eit nytt perspektiv på arbeidet i grensesjiktet mellom forskning og industri. Eit grensesjikt som er ekstremt viktig for FoU aktørar og for dei bransjane som ser potensialet i forskning og innovasjon. Det er fleire innfallsportar til teknologi. Sjølv dei beste og smartasta ideane får utvikle seg først når ein er i stand til å formidle nytteverdien til ein bruker og det kan omsettast til ein forretningside. Kulturen ved MIT er bygd på dette og sjølv om 6 månadar går fort, rekk ein å bli del av denne kulturen og få det nok i blodet til at det blir med heim igjen også. Vel å merke om ein klarer å kome seg ut av MIT bobla og kome seg heim.

Masteren gav eit glimrande høve til å oppsummere kunnskapen eit intensivt program så langt hadde gjeve, og å sette denne inn i eit perspektiv som var interessant for bedrifta som eg arbeidde i. Med dei fremste på sitt område som veiledere fekk arbeidsgjevaren utført eit arbeid og ei analyse som kanskje var meir vert enn den direkte kostnaden av å sende ein av sine på MTM. Bevisst eller ubevisst ser det ut til gradvis å ha påvirka bedrifta sine strategiar.

I tillegg fekk dei tilbake ein meir motivert og meir kunnskaprik medarbeider. Dette er vansklegare å måle i kroner og ører, men har ein store verdi både for den det gjeld og bedrifta.

I min arbeidssituasjon no, 7 år etterpå, er det å forstå heile næringskjeda for innovasjon og å kunne lede prosjekt og bedrifter gjennom denne essensen av det eg fekk ut av programmet. Denne bakgrunnen har gjeve meg tillit og innsikt  til no å vere med å lede store satsingar på fornybar energi.

Oddbjørn Bruland, MTM Almuni

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s